Søndag 6. september blir det offisiell opning av den nye pilegrimsleia frå Valldal via Dovre-fjell til Nidaros.

Opningsfesten finn stad på Alstad ved Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei to biskopane Ingeborg Midttømme i Møre og Solveig Fiske i Hamar vil delta og står også for den offisielle opninga.

Mellom mange inviterte gjester finn vi fylkesmann Lodve Solholm og Hans Morten Løvrød, leiar for Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim.

Etableringa av den nye leia er eit samarbeid mellom kommunane Norddal, Rauma, Lesja og Dovre.

Pilegrimsleia går i spora til Olav den Heilage, som ved nyttårstider 1028/29 var på flukt, og som gjekk i land i Valldal og tok seg vidare over fjella mot aust.