To 98-modellar

Tomas Tandstad i Straumgjerde viser stolt fram den nye bilen han har kjøpt seg.
Foto: Terje Engås
Tomas Tandstad i Straumgjerde viser stolt fram den nye bilen han har kjøpt seg. Foto: Terje Engås

Tomas Tandstad fyller 98 år om eit par månader. I førre veke kjøpte han seg ny bruktbil: Ein 98-modell.

Publisert: 02.07.2010 kl. 07:28
Endret: 02.07.2010 kl. 08:37

– Det er ein Subaru Justy med firehjulstrekk. Eg hadde ein liknande bil før, også, fortel Tomas Tandstad.

Han gjer seg klar til sin daglege køyretur til eldreinstitusjonen BUAS, der kona bur.

Fann bilen på internett

– Det var yngstesonen min på 52 som fann bilen på Internett. Seljaren budde på Inderøya i Trøndelag. I førre veke fekk eg han levert her i Straumgjerde. Bilen kom med Fjord1, fortel Tomas Tandstad.

Sjølv om det er ein 98-modell han har skaffa seg, så har den ikkje gått meir enn 92.000 kilometer.

– Eg måtte ha firehjulstrekk, for eg er så mykje på hytta oppe i Straumsdalen, forklarer han.

97-åringen køyrer kvar dag den åtte kilometer lange turen til BUAS på Aure for å besøke kona.

Helseattest

Vidare blir det stadig turar til hytta. Men lengre bilturar har han kutta ut. Dei var det derimot fleire av då han var yngre. Mellom anna var han fleire gonger på biltur i Sverige.

Kvart år må han til legen for å for å få fornya helseattesten slik at han framleis kan køyre bil.

– Sist eg var der sa legen at eg hadde betre syn enn han. Eg nyttar berre briller når eg skal lese Sunnmørsposten, ler Tomas.

– Du både ser og høyrest mykje yngre ut. Kva er løyndomen?

– Det spurde ein lege om også ein gong. Då var eg blitt 93.

Konnøl

– Og kva svarte du?

– Eg sa at oppskrifta var mykje fersk fisk, grovt brød og eit glas med konnøl. Då sa legen at det er ikkje anna å vente enn at eg held meg så frisk.

Tomas Tandstad ler igjen. Han er ein optimist som er glad for at han har hatt god helse heile livet, og difor framleis kan køyre bil.

– Det er praktisk med eigen bil. Då slepp eg å vere avhengig av andre, legg han til.

– Men eg er ikkje like flakkefør i dag som då eg var 17–18 år, legg han kjapt til med glimt i auget.

Tomas veit ikkje nøyaktig kor mange bilar han har hatt gjennom åra, og ramsar opp fleire ulike bilmerke.

Men han legg til at han brukar å ha dei lenge. Han er ikkje den som skiftar bil ofte – med unntak av ein Renault han ikkje var nøgd med.

God tid

– Korleis synest du vi andre oppfører oss i trafikken?

– Det er no begge delar, det då. Det må eg få lov til å seie. Sjølv har eg aldri fått ei einaste fartsbot. Ikkje enno, iallfall. Eg held fartsgrensa, for eg har god tid, seier 97-åringen.

Tomas Tandstad har, som så mange andre sykkylvingar, vore i møbelindustrien.

Han tok til her i 1930, og arbeidde i møbelbransjen heilt til han vart pensjonist i 1979.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer