Verdas einaste skilsmissefestival går av stabelen på Trandal i helga.
Endret: 23.07.2010 kl. 21:23
For tredje året på rad kjem folk saman for å ta del i herleg galskap. Og det er slett ikkje berre skilde som finn vegen til Trandal under festivalen.
På denne staden er alle velkomne, berre dei kjem til gards feststemte, heiter det i førehandsreklama.
Fristad
Frank Storeide, som gjekk bort i februar i år, var nyskilt då han fekk ideen om å gjere Christian Gaard Bygdetun på Trandal til ein fristad for glade gjester. Han drøymde om ein eigen festival, men visste ikkje kva han skulle kalle den. Sidan han nyleg var blitt skilt, sjekka han om det fanst ein skilsmissefestival.
Det gjorde det ikkje, og derfor laga han like godt sin eigen.
Ventar storinnrykk
Festivalen starta allereie fredag kveld, men det er laurdag, storinnrykket er venta. Med gode vérmeldingar trur arrangørane at ramma blir den aller beste. Særleg er det knytt forventningar til avdukinga av ein bautastein, som advokat Asbjørn Skotte skal ha fått på plass.
Før avdukinga av denne, som er venta å vere ein heider til Frank Storeide, vil verdas einaste skilsmissebenk bli innvia.
Sputnik er allereie komen på plass på Trandal . Saman med Gunnar «GP» Pedersen, vil den folkekjære lastebilsjåføren og artisten sørge for allsong med «Skilles Johanne» og andre klassikarar.
- Sputnik og eg har med oss våre kjære koner, Vivian og Sigfrid, som vil opptre saman med oss. Dette gler vi oss veldig til, seier «GP» Pedersen.
