Tre bilar har stått innesperra i Otterdal sidan juleorkanen vaska vekk vegen. Laurdag var det klart for ein nokså spesiell bergingsaksjon.
Endret: 29.01.2012 kl. 00:33
Juleorkanen øydela 1,7 kilometer av vegen til Otterdal i Hornindal. Sidan 1. juledag har tre bilar stått innesperra i bygda på ubestemt tid.
Men laurdag ettermiddag blei bergingsoperasjonen sett i verk på Hornindalsvatnet.
Første gong
Eilif Harbitz-Rasmussen i selskapet Vestlandsbryggen tok utfordringa med å få bilane ut frå Otterdal.
- Det er første gong eg har gjort noko slikt, men ein må ta det litt roleg så går det greitt, seier han.
To bilar var med på første turen, og ferjereisa gjekk roleg i vindstille vintervêr på Hornindalsvatnet. Det gjekk også greitt å få bilane i land i Flatefjæra på Grodås.
Utan bil
Familien Thaule Løvlid som bur i Sogndal, var på juleferie i Otterdal. Då juleorkanen herja var dei på besøk i Hornindal, men då vegen rasa ut kom dei seg ikkje tilbake til Otterdal. Verre var det at bilen til Cecilie Thaule Løvlid blei ståande innesperra i bygda. Roger Løvlid var laurdag med på bergingsaksjonen for å få bilen ut frå Otterdal.
- Det er flott å få bilen tilbake. Vi var jo litt spent på korleis det skulle gå, seier han.
Rundballar
Planen var også å ta med rundballar frå Otterdal til Grodås, men dette måtte dei slå frå seg på grunn av utfordring med å få rundballane om bord på flåten i Otterdal.
- Det er lite med heisekraner i Otterdal, smiler Harbitz-Rasmussen.
Vestlandsbryggen har også sett opp flytebrygge i Otterdal, slik at det skal bli lett å gå om bord og ut av båtar.
Fylkeskommunen jobbar med å få til skyssbåt til og frå bygda, som må rekne med å vere utan vegsamband i fleire månader.
Les også: Vurderer båtrute til Otterdal
Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre, Stryn og Hornindal på smp.no
