Tatt i 137 km/t i Kvivstunnelen
Tysdag kveld hadde utrykningspolitiet hastighetskontroll i Kvivstunnelen. Det visste nok ikkje ein mannleg bilførar som verkeleg trakka til på den relativt nye vegen.
Foto: Terje Engås
– I år står det 206 cruisebåtanløp på listene våre i Geiranger. Det er ein auke på ca. 30 prosent frå året før. Men det ser ut til å bli endå ein ny, god sesong i 2013, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
For allereie no har dei teke imot bestillingar på 179 anløp.
– Og skulle det ikkje bli fleire anløp enn i fjor, så blir det nokså sikkert fleire passasjerar. For skipa blir berre større og større, legg hamnesjefen til.
Og det er mange store skip på listene ho har så langt for 2013. Her ramsar ho mellom anna opp alle dei tre dronningane: «Queen Elizabeth», «Queen Mary» og «Queen Victoria».
– Dessutan får vi besøk av leiligheitsskipet «The World». Det er no gått fleire år sidan dette skipet sist var her i Geiranger, legg ho til.
Elles så viser anløpslista for 2013 at dei gamle travarane mellom skipa kjem tilbake også neste år, både frå RCL og frå Costa-reiarlaget - og Holland America Line.
Få oversikt: Sjekk cruiseguiden på smp.no
– Og så kjem «Empress» tilbake - både til Geiranger og Hellesylt. Dei har allereie varsla åtte anløp ved nykaia på Hellesylt. «Aida» har også bestilt kaiplass på Hellesylt, seier Rita Berstad Maraak.
«Empress» vart historisk, då det som aller første skip gjekk til kai på Hellesylt 17. mai i år.
Så langt ser det ut til at turistskipsesongen i Geiranger neste år tek til i byrjinga av mai, og vert avslutta i slutten av september.
– Kva med skip i vintercruise?
– Vi har ikkje motteke slike bestillingar så langt.
Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no
Ho er oppteken av at cruisebåtturistane må få andre tilbod enn berre bussturar når dei kjem i land på indre Sunnmøre.
– Eg skulle ønskje det var fleire tilbod som omfatta fysisk aktivitet, slik som fotturar, padling og den slags, seier hamnesjefen.
Ho oppmodar difor alle som allereie har utvikla slike tilbod, eller som har planar om å lage slike, om å kome på banen i samband med at ein no planlegg dei komande cruisesongane.
Meir reiseliv: Les våre kortreistreportasjer
– Vi er i full gang med å planlegge somrane fram til 2015. Og då gjeld det å ha tilbod som er betre enn det dei andre har, dei stadene vi konkurrerer med, seier Rita Berstad Maraak.
For ulike aktivitetstilbod meiner ho det er lett å selje inn hos reiarlaga, under føresetnad av at desse passar kundegruppa.
Det gjeld å ha tilbod som er betre enn det dei andre har
Rita Berstad Maraak