Her kjem ein hundreåring

Tomas Tandstad fyller hundre år i neste veke. For få dagar sidan fornya han førarkortet.

– Eg treng bil. For kvar dag køyrer eg til sjukeheimen for å besøke Ingrid, kona mi. Der har ho budd dei siste fem åra. Og kvar søndag tek eg meg ein tur til hytta i Straumsdalen.

Vi er i Straumgjerde hos Tomas Albert Tandstad. Onsdag 12. september er det 100 år sidan han kom til verda i gamlehuset på Øggarden på Tandstad.

Fødselen i 1912 skjedde i storstova, og det var ein sprek gut jordmor Barbro-Anna tok imot.

Og frisk vart han. 80 år gamal var han på Pyttegga, høgste fjellet i Møre og Romsdal, der det ragar 1999 meter over havet.

Han debuterte i det lokale Konrad-løpet som 92-åring, og Tomas deltok i stafetten Sykkylven Rundt som 98-åring, same år som han kjøpte seg ny bil.

Konnøl

– Ein lege spurde meg for nokre år sidan kva for levesett eg har hatt. Eg svarte at oppskrifta var mykje fersk fisk, grovt brød – og eit glas konnøl, fortel Tomas, og ler sin svært smittande latter.

– Og så er det sunt å flire litt kvar dag, legg han til.

Tomas har hatt ei jarnhelse, og både ser og høyrer godt framleis. Han støttar seg til ein stokk når han går, men har ikkje problem med å kome seg opp trappa til leilegheita i 2. etasje.

Her steller han seg sjølv og kokar seg middag kvar dag. Og så tek han seg ein dagleg tur på ergometersykkelen i stova.

– Eg ser også på tv, og abonnerer på Sunnmørsposten og Sykkylvsbladet for å følgje med og trimme hjernen.

Før gjekk Tomas mykje i fjella. Sykkylvsfjella kjenner han godt, men han har også vore fleire gonger i Tafjordfjella.

– Siste gongen eg var på Danskehytta var eg 85 år, fortel han.

Tomas sin store kjærleik i livet, Ingrid frå Bjørnsund, kom som syerske til Sykkylven i 1942. Året etter vart dei kjærastar, og i 1944 trulova dei seg.

– Vi gifta oss 22. april i 1945. Men det var ikkje lett å lage til bryllaup, for vi mangla det meste. Korn frå Austlandet bytte eg til meg mot ei tønne sild. Sjølve bryllaupsmiddagen var ei kveite på 90 kilo.

Sokneprest Torleif Rude tok derimot ikkje noko for å vigsle dei to. Han meinte han skulda Tomas ei veneteneste:

– Etter kapituleringa i 1940 skulle alle våpen frå norske soldatar samlast inn. Bror min, Bernt Tandstad, var lensmann og fekk inn mange slike våpen.

Revolver

Bernt bad Tomas om å gøyme våpna, og han grov dei difor ned i ein kjellar i Sykkylven.

– Men ein dag våren 1944 kom soknepresten inn til bror min og forlangte ein revolver fordi tyskarane reid på prestegarden, noko han likte dårleg.

– Eg grov opp ein revolver, som eg sykla til kyrkja med ein preikesøndag. Revolveren vart overlevert i sakristiet. Eg forstår framleis ikkje kva han skulle med våpenet. Men eg veit at hadde det vore tysk kontroll på vegen den dagen, hadde det vore over og ut med meg, seier Tomas.

Han var møbelarbeidar heile sitt lange yrkesliv, og arbeidde ved fleire bedrifter i Sykkylven. På fritida var det friluftsliv, idrett og ungdomslagsarbeid.

– Eg vart medlem av Ungdomslaget Samhald i 1926, og er æresmedlem der no, seier Tomas – og peikar på eit diplom på veggen.

I 1952 vart han livsvarig medlem i Ringen Idrettslag. Han utdanna seg til friidrettsdommar, og han tok sitt første idrettsmerke i 1931.

Motgang

Heller ikkje for Tomas har livet alltid vore enkelt. Huset brann ned i 1958, og dei miste alt dei eigde. Mykje verre var det som skjedde åtte år seinare. Då omkom sonen Terje i ei bussulykke.

Men Tomas har fire andre barn, åtte barnebarn og fem oldebarn som skal feire han neste helg på ungdomshuset Vaarvon.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no



Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Tidligere Brattvåg-spiller i problemer

Får ikke lønn - anmelder sin egen klubb

22-årige Thomas Aarsund fra Brattvåg skulle spille for 3. divisjonsklubben Lysekloster i år, men det har utviklet seg til et lite mareritt.

KRONIKK