Jens Edvard Jensen er først og fremst drosjesjåfør på Grodås. Men i dag er han «ishavsskipper» på bygdebåten Dølen, tidlegare mykje nytta til turismetrafikk.

«Dølen» skal setjast inn som isbrytar, i ein freistnad på å gjenopne den tilfrosne vassvegen til isolerte Otterdal.

Grenda med sine 14 fastbuande har vore mykje eksponert i media, etter at «Dagmar» totalraserte tilkomstvegen langs vasskanten frå Grodås. No har innbyggjarane i Otterdal vore utan sin to gonger daglege båtskyss på vatnet i over ei veke.

Tysdag den 22. januar greidde den innleigde skyssbåten frå Trøndelag så vidt å gå opp råka gjennom den stadig tjukkare isen.

Sidan har innbyggjarane måtta vandre til fots langs kanten på den øydelagde bygdevegen.

Tjukkhuda

I dag har altså drosjesjåfør Jens E. Jensen og bussjåfør Sigbjørn Hamre bestemt seg for å sjå om isen let seg opne att. Ærverdige «Dølen» har heile 340 hestekrefter og er ikkje god å skubbe seg på. Det er ikkje isen heller, skulle det syne seg. Då han nærma seg tre tommar vart det bom stopp.

– Nei, vi kan ikkje risikere båt og mannskap på dette. Her er det berre å snu, avgjer skipperen.

Innbyggjar Rasmus Otterdal (73) seier seg glad det vart prøvd.

– Det er ikkje berre is på vatnet som er problemet, no er vi til overmål vasslause også.

– Nei, her må det nok storm og regn til, vurderer Otterdal-veteranen.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre, Stryn og Hornindal på smp.no

Vendereis. «Dølen» har bakka seg ut av råka over djupaste innsjøen i Europa, og gjer vendereis attende til basen på Grodås.
Skipperen. – Båten har nok av hestekrefter, men ikkje hud til å tole tre tommar tjukk is. Men vi har no prøvd, konstaterer skipper Jens Jensen.