Fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn opnar tysdagføremiddag klokka 11, opplyser Statens vegvesen.

Følgsmp.no på Facebook

Den såkallaGeirangervegen er populær mellom turistar, og årets opning kjem tidleg.

– Vi har fresa, men det har vore mykje mindresnø i år enn i eit normalår, seier sjefingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen tilsmp.no.

Denfrykta Stavbrekkfonna har ofte vore årsaka til at opninga først har skjedd motslutten av mai. Fonna gjekk no på laurdag, og geologane til Statens vegvesenhar inspisert området og gitt grønt lys for vegopning.

Lesflere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

OgsåTrollstigen ligg an til tidleg opning i år, truleg allereie neste tysdag.

– Det ereit stort isflak som heng oppe i fjellet som må gå først, men vi har tru på atvegen vil vere klar til opning rett over pinse, seier Hol.