Ein mann er erklært død på staden, etter at han vart henta opp frå elva i Geiranger.

Les fleire nyheiter frå indre Sunnmøre her

Det var i 11.40-tida torsdag at politiet fekk melding om at ein mann hadde falle i elva ved Union Hotell Geiranger.

– Alle nauddetatar er på veg og eit redningshelikopter er send frå Florø, opplyste operasjonsleiar operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt kort tid etterpå.

Funnen i sjøen

Mannen var i 12-tida teken opp frå vatnet, nede ved fjorden i sentrum av Geiranger.

Hjelpemannskap tok til med førstehjelp på staden, uten at dei klarde å få liv i personen.

Hovudredningssentralen for Sør-Norge på Sola opplyste klokka 12.15 at Sea King-makina som dei stilte til rådvelde for redningsaksjonen var trekt tilbake til basen i Florø.

Følg smp.no på Facebook her

Fekk førstehjelp

Mannen skal ha falle ut i elva ved Union Hotell Geiranger og vorte ført med den sterke straumen heilt ned til sjøen, der han så vart teken opp og gitt førstehjelp.

Klokka 13.00 melder politiets operasjonssentral at mannen er erklært død på staden.

Tilsett på cruiseskip

Klokka 15.45 melder politiet at den omkomne er identifisert.

- Han var tilsett om bord i eit cruiseskip som ligger på staden, opplyser operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Ifølgje TV2 så skal mannen vere frå Moldova. Pårørande er førebels ikkje varsla.

Har du tips eller bilete i saka? Send til 95400400 eller 95400400@smp.no!