Sunnmøre tingrett har frifunne Hurtigruten ASA for kravet om å betale passasjeravgift for 2012 og 2013. Hurtigruten slepp også å betale anløpsavgift for 2012 og 2013.
Tingretten, leia av dommarfullmektig Therese Eriksen Håhjemsvik, seier i dommen at retten ikkje finn det sannsynliggjort at Stranda hamnevesen har særskilte kostnader til passasjerbekvemmeligheter for Hurtigruten sine passasjerar, korkje for dei som går i land eller dei som forblir om bord i skipa.
Heller ikkje kan tingretten sjå at Stranda hamnevesen har sannsynleggjort at dei har kostnader i samband med anløp av Hurtigruten som hamnevesenet ikkje får dekt inn ved betaling av tenester som vert ytt i hamna.
Står langt frå kvarandre
Ettersom Stranda hamnevesen har tapt søksmålet, har tingretten også dømt hamnevesenet til å betale Hurtigruten 726.758 kroner i erstatning, samt å dekke Hurtigruten sine sakskostnader på heile 939.363 kroner.
Les meir om denne saka i Sunnmørsposten si papirutgåve tysdag