Vitne skal ha høyrt eit smell, og det skal vere sett flammar som kom opp frå ei pipe. Smellen kom etter ein eksplosjon.

– Brannvesenet har informert oss om at det har oppstått brann i ein silo der dei oppbevarer spon, sa operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no klokka 21.15.

Sponsiloen står på utsida av sjølve fabrikkbygget. Brannvesenet er på staden.

– Fordi siloen er på utsida av bygget, reknar eg med at brannmannskapet har relativt god kontroll, sa brannmeister Lasse Bjerknes på 110-sentralen til Smp.no litt over klokka 21.30. – Det er truleg berre å dynke på med vatn, sa Bjerknes.

Nokre minutt etterpå kan han stadfeste at brannmannskapet har kontroll.

– Det har vore ein eksplosjon i siloen. Men det skal ikkje ha vore mykje spon, og det er truleg snart utbrent. Dei har dynka rundt utvending, men dei har ikkje opna opp enno, sa Bjerknes klokka 21.50.

Det var ikkje nødvendig med evakuering.

– Ingen personar er skadd, opplyste vakthavande operasjonsleiar hos politiet klokka 22.

Politiet hadde tysdag kveld starta etterforsking av saka.