– Fefast ville ha kome nærare den planlagde brua over Storfjorden, og gjort det vanskelegare for oss. No kjem vi til å gje full gass i det vidare arbeidet for ei bru frå Sykkylven over Storfjorden. Det seier ordførar Petter Lyshol (H) i Sykkylven til smp.no.

Privat risiko

Storfjordsambandet sine folk var nyleg i Oslo for å snakke med ekspertar om moglegheitene for å få finansiert brua gjennom eit såkalla OPS-prosjekt.

Dei private aktørane tek då på seg den økonomiske risikoen.

– Kortast gjennom Sykkylven

Petter Lyshol trur at mange som skal køyre gjennom distriktet på veg mellom nord og sør, heller vil ta strakaste vegen gjennom Sykkylven og ei bru over Storfjorden, enn å køyre ut til kysten via Hafast. Den kortaste vegen mellom nord og sør går gjennom Sykkylven, meiner han.

Han peikar også på at brua vil avløyse det ferjesambandet i Møre og Romsdal som i dag fraktar flest køyrety, Sykkylven-Magerholm. Her er det i dag to ferjer i sambandet.

Høg pris

– Ferjene går kvart 20 minutt, og det er også nattferje her. Er ikkje det meir enn bra nok?

– Ferjetilbodet er godt. Men fjorden er eit hinder i dag, også mentalt. Det opplever eg mellom anna i debatten om ny kommunestruktur. Skal vi greie å få utvikla Sykkylven på ein god måte, så må vi arbeide for å få ei bru her, slår Lyshol fast.

– Det kjem stadig nye og betre tekniske løysingar. Og eg ser heller ikkje i dag tekniske hindringar med  få bygd brua. Brua over Storfjorden kjem til å bli eit flott landemerke, ein portal for alle skipa som skal til Geiranger, meiner Petter Lyshol.

Slik ser Hafast-kartet ut etter at regjeringa har bestemt seg. Foto: Sunnmørsposten
Petter Lyshol, ordførar i Sykkylven.