Fire lam er drepne av eit rovdyr på Tryggestad på Hellesylt.

Mistenker ulv

I dag vart fire lam funne drepne på beitet. Dei har truleg mista livet onsdag eller torsdag.

– Dyra er tekne av eit rovdyr. Dei er bitne i strupen og ryggen. Eitt lam har mista hovudet, seier Leite.

– Eg mistenker sjølvsagt at det er ulven som har teke dei. Eg har aldri opplevd å miste lam på denne måten før, seier Leite.

Ifølgje bonden har ikkje rovdyret spist noko av lamma. Han meiner det gjer det lite truleg av det er ein rev som har teke dei.

– Dette ser ut til å vere lystmord, og det meiner eg utelukkar reven.

Statens Naturoppsyn på plass

Statens Naturoppsyn var søndag på plass på Hellesylt for å undersøke dyra.

– Vi kan ikkje vere sikre på noko endå. Vi må flå dyra og undersøke dei før vi kan seie noko, seier Kjell Hansen i Statens Naturoppsyn.

Noko slikt har likevel Per Kjell Leite aldri opplevd før.

– Nei, aldri. Eg mista kanskje 4-5 dyr på beitet i fjor. Men dei fann vi aldri igjen, så eg veit ikkje kva som har skjedd med dei. Eg har aldri funne døde dyr så kort tid etter at dei vart sendt på beitet.

Fryktar fleire er tekne

Per Kjell Leite fryktar fleire dyr er tekne av ulven.

– Vi skal opp og leite no etterpå. Det er fleire lam som er sakna, så vi fryktar å finne fleire døde dyr, seier han.