HELLESYLT (smp.no): Sauebonde Per Kjell Leite har funnen til saman ti drepne dyr etter at det som truleg er ein ulv har vore på ferde i Hellesylt i Stranda.

Sjå video: Ti lam og sau tekne av rovdyr

Fylkesmannen har gitt fellingsløyve for ulven, som har vore observert fleire stader i sunnmørskommunen dei siste dagane. Den siste observasjonen skal ha vore ved Sve industriområder i Stranda.

Søndag vart først fire lam funne drepne på beitet, og seinare fleire dyr. Til samen har åtte lam og to sauer frå buskapen til Leite bøta med livet.

To jaktlag

Søndag kveld vert det gjort klart for ulvejakt med to jaktlag som vil bestå av fem jegerar kvar, opplyser Ove Nordang i viltnemnda på Stranda til smp.no.

– Det er ikkje noko problem å få folk, men det vert som å finne nåla i høystakken. I natt kjem vi til å postere folk der det har vore sauer. Når ulven først har teke dyr, vil den truleg fortsette med det, trur Nordang.

Nordang legg til at dei som driv med sau opplever situasjonen er ubehageleg - av frykt for dyra - men meiner det ikkje er grunn til uro for folk som bur i området.

Lagt ut åte

Om ulven ikkje allereie har bevega seg vekk frå området, så påpeiker Nordang at den truleg må tilbake same vegen fordi bygda ligg på ei halvøy.

Søndag kveld vart det lagt ut åte ved staden der ulven hadde teke dyra på Hellesylt.

– Viss vi hadde klart å få skutt han, så hadde det vore det beste å få han teken. Det er ikkje langt over til Sykkylven og Velledalen der er det masse sau. Å ha ein sånn gåande laus med so mykje sau ute, er ikkje bra, seier Nordang.

Han har vore i kontakt  meir erfarne ulvejegerar i Fron i Gudbrandsdalen - og jaktlaget vil vurdere å be om hjelp frå spesialtrena hundar som kan følgje ferske spor.

Ikkje slått fast

Det er ikkje slått fast at det er ulv som har teke dyra, men mistanken er sterk.

Alv ottar Folkestad såg nærare på skadene dyra har fått, og dokumenterte kadavra. Heller ikkje han vil seie sikkert at det er ulv, men seier at spora er forenlig med dette.

Det er óg observert ørn i området og ørnefjær ved dyra, men den kan ha forsynt seg etter at ulven har teke sitt.

– Eg mistenker sjølvsagt at det er ulven som har teke dei. Eg har aldri opplevd å miste lam på denne måten før, sa Leite til smp.no tidlegare søndag.

Ifølgje bonden har ikkje rovdyret spist noko av lamma. Han meiner det gjer det lite truleg av det er ein rev som har teke dei.

Ove Nordang i viltnemnda forstår uroa til dyreeigaren, men ser ingen grunn til at folk skal bekymre seg for eigen tryggleik: – Eg hadde ikkje vore redd for å treffe på ulv. Den er sky og stikk så raskt han kan, seier han. Foto: Terje Engås