Oddbjørn Vatne, leiar av samferdselsutvalet i fylket, fekk sprenge første salva. Med kaker og kaffi vart det markert at Skanska Norge AS er i gang med å byggje den nye 3.650 meter lange Ljøtunnelen mellom Røyr og Hellesylt. Underentreprenørar er T. Engene AS, Opshaug Sandtak AS og Mesta AS.

Arbeidet vil først starte på Ljøen-sida, men i løpet av eit par veker er ein også i gang på Herdalen-sida. Då vil tunneldrivinga skje frå begge sider. Det er venta at det blir gjennomslag i tunnelen  neste sommar.

I august tek ein også til med  bygge ein tunnel på Røyr, Røyrtunnelen. Han blir 440 meter lang, skal byggast i betong – og stå ferdig vinteren 2015/2016.

Vinteren etter skal den nye Ljøtunnelen også stå ferdig. Han skal erstatte dagens smale, til dels våte og dårleg opplyste Ljøtunnel.

Les meir i papirutgåva av Sunnmørsposten fredag.