Fredag var første dag av meisterskapet World Base Race, og det vart også den einaste dagen. På grunn av vind så arrangørane seg nøydt til å avlyse hoppinga på laurdag.

— Ja, vi måtte ta denne avgjersla på grunn av sikkerheita til hopperane. På toppen der vi hoppar frå, var det konstant meir enn ti sekundmeter, og vi kunne sjå på fossen nedover at det blåste godt der også, fortel Ivar Brennhovd, som er ansvarleg for arrangementet.

Han seier at det ikkje kan blåse meir enn fem meter i sekundet der hopperane skal lande. Det gjorde det i dag.

Sidan det ikkje vart meir hopping så vart det Frode Johansen som vant World Base Race på tida 30.58. At det ikkje skulle hoppast søndag vart klart på bakgrunn av vêrmeldinga for tre dagar sidan, men sjølv om det berre vart med dei om lag 50 hoppa på fredag, så er Brennhovd nøgd med arrangementet.

Nytt tidtakingssystem

— Ja, vi fekk testa ut det nye tidtakingssystemet vårt, og det fungerte prikkfritt, seier Brennhovd.

Mellom første- og sjetteplass var det mindre enn eit sekund.

— Med utgangspunkt i at ein flyr 1300 meter i hastigheter opp mot 250 km/t , og det skilder så lite, så viser det kor viktig det er med nye tidtakingssystemet, seier Brennhovd.

Neste mogeligheit for å sjå World Base Race er i Innfjorden 10. og 11. juli.