Det krydde av kval  Storfjorden rett utfor Stranda sentrum i dag tidleg.

- Eg vil tru det er grindhval, fortel Kristian Mork, som filma dyra med mobiltelefonen sin.

Han observerte dei òg onsdag, og i fleire timar torsdag har dei leika seg i fjorden.

Mork meiner det kan ha vore kring 50 dyr som var oppe samstundes i eit større område. Han trur han veit kva som gjer fjorden så populær.

- Det seiast å vere mykje sild i fjorden, som grindkvalen forsyner seg av.

Grindkvalflokkane er typisk på alt mellom 10 og 200 dyr. Dei store delfinane er frå fire til seks meter og kan vege opp mot fire tonn.