Ein personbil hamna utanfor vegen oppe i Hevsdalen mellom Sykkylven og Stranda tidleg fredag morgon.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet i 06.45-tida.

- Vi har prøvd å få tak i bileigaren, men har ikkje indikasjon på at det er personskadar. Sannsynlegvis dreier det seg om eit uhell, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til smp.no.