Då ålesundaren Sigurd Arne Alnes og reisefølgjet var på veg innover fjordane på båttur til Geiranger onsdag morgon, oppdaga dei at dei ikkje var åleine på fjorden.

- Det var heilt stilt då vi cruisa innover fjorden. Men når vi kom til Magerholm, såg vi noko uvanleg, fortel Alnes til smp.no.

Mellom Magerholm og Aursneset fekk dei auge på ein flokk med det som truleg er grindkval.

I videoen ser du korleis kvalane ser ut til å kose seg i fjorden!

Nytte livet

Ei heil rekke dyr boltra seg i overflata, og lot ikkje til å bry seg så hardt om det kom båtar nær dei. Alnes anslår at det var rundt seks flokkar grindkval som bevegde seg inn mot sykkylvsfjorden, mellom Magerholm og Aursneset.

- Totalt må der ha vore rundt ein 50 - 70 kvalar. Vi fekk ei utruleg oppleving. Dei symde forbi og såg ut til å nyte livet, fortel han.

- Dei passerte oss berre rundt fire meter frå båten.

Bekymra

- Vi køyrte bort og la oss foran ein av flokkane. Enkelte av oss blei litt bekymra for kva dette kunne medføre, men det blei ei fantastisk naturoppleving. Kvalane var nærsøkande, og vi låg midt i slik flokken delte seg på kvar side av båten.

Den største kvalen anslår Alnes må ha vore fleire tonn tung, men der var også små som var berre ein meter lange.

- Eg er ein 62 år gamal mann, og har alltid hatt ein draum om å komme utfor noko slikt, fortel han.

Orkester

- Vi stoppa motoren og hørte dei blåse luft. Det var nesten som eit lite orkester.

Han fortel at fleire han kjenner har vore i Lofoten og betalt for kvalsafari.

- Men vi fekk sjå det gratis, humrar han.

Han fekk fanga dei både på film og bilete, slik at du kan oppleve kvalane også.

Kval i overflata på Storfjorden. Foto: Sigurd Arne Alnes