– Vi har vore nervøse for at folk har teke med seg ting som suvenirar, seier arkeolog Morten Ramstad ved Universitetet i Bergen.

– Dette er konstruksjonar og funn som kan ha ligge urørt i fleire tusen år. Sikringa av desse er svært viktig for framtidig forsking.

Følg smp.no på Facebook

Viktig forsking

– Ein kan gjerne ta dei opp og sjå på dei, men ikkje ta det med seg. Det er viktig at bogestillingane, og funn knytta til dei, får ligge i fred. Dei kan øke forståinga for andre fangstanlegg vi kjenner til.

Teamet fortel at store delar av landskapet er smelta fram ganske nyleg.

– Det har gjort det lettare å oppdage dei. Det er viktig at folk varslar fylket når dei kjem over slike ting.

– Meld gjerne frå

Arkeolog Kristoffer Dahle ved Møre og Romsdal fylkeskommune, stiller seg bak arkeologane si oppfordring. Han var sjølv oppe på Fetegga førre veke for å bidra i undersøkingane.

– Gjenstandane er veldig lett tilgjengelege, og ligg midt i eit turområde. Samstundes ønsker vi informasjon om folk skulle komme over slike funn eller anna som er av historisk interesse. Ta gjerne bilde av dei der dei ligg, merk dei av på kartet, og varsle oss slik vi kan undersøke det nærare. Det er også lokale fjellfolk som har registrert det meste av bogestillingane og andre fangstanlegg i fjellet.

– Vil de vurdere å sette igong sikringstiltak av funna?

– Det som blir gjort på Fetegga er i seg sjølv eit sikringstiltak for å dokumentere og sikre dei mot erosjon og tap. Den nye kunnskapen gjer oss også i betre stand til å forvalte denne typen kulturminne for framtida.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Ny kunnskap

Totalt er det funne heile 900 bogestillingar i høgfjella i området Tafjord og Norddal dei siste 10-20 åra. Dei største fangstanlegga ved sidan av Fetegga, finst på Ringshornet, Krynkelen, Oaldsegga, Litlejordhornet, Såtehornet og Dyrdalen.

Sjølv om undersøkingane er i startfasen, meiner Dahle dei nye funna på Fetegga er lovande og av stor betydning.

– Vi har til no hatt veldig liten kunnskap om alderen på bogestillingane i høgfjellet, og har anslått nokre til å vere frå jern- eller middelalderen. Men no viser det seg at dei er frå steinalderen, og kanskje langt bak i steinalderen også. Desse funna gir heilt ny kunnskap.

Han seier det er gjort få undersøkingar av bogestillingane, men dei som er gjort er svært viktige.

– Spørsmålet er om denne høge alderen dei anslår kan vere felles for alle bogestillingane i høgfjella rundt. Det er noko vi vil prøve å finne ut av.

<strong>Arkeolog:</strong> Kristoffer Dahle er arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune. Arkivfoto: André Pedersen