Dette seier Kjell Arne Steinsvik (31) som i om lag fem år har budd i eigen seglbåt på småbåthamna i Ørsta. Etter sju år som journalist i lokalavisa Møre-Nytt, stakk Steinsvik og sambuaren sist søndag til havs for tre års lenge planlagt jordomsigling.

Og no nyttar hamneskipperen høvet til å kome med eit stikk til styret i Ørsta Småbåtlag.

Husleiga

– Vi har betalt 1.500 kroner i månaden i ei slags husleige til hamnelaget. Dette på toppen av kostnaden med eigen båtplass og landstraum.

– Det verste er at folk i båtlaget fleire gonger har prøvd å heva den aktuelle leigesatsen, men kvar gong heldigvis utan å få fleirtal på årsmøtet, seier Kjell Arne Steinsvik.

Han meiner at å bu heilårs om bord i ein båt er ei såpass spesiell buform, at det heller burde premierast - både miljømessig og økonomisk - enn å verte pålagt sovegebyr i eigen båt.

Tre båtar

– Vi har vore i alt tre båtar med heilårstilhald siste åra. På denne måten meiner eg vi bidreg postitivt i miljøet, mellom anna med å halde oversikt over det som skjer med alle verdiane som flyt på ei slik stor hamn. Her vert litt liv også på vinterstida, meiner Kjell Arne.

Han lurer på kor mange døgn ein må ha om bord for å blir kravd leige.

– Det har vi nesten ikkje gjort. Vi har jo øvd oss til jordomsigling! Og om dei som bur i båt slepp unna eigedomsskatten tvilar eg nesten også på, dersom dette er innstillinga til fleire i Ørsta, seier Steinsvik syrleg.

Vil auke leiga

Leiar i småbåtlaget, Svein Steinnes, seier han står fast ved at dette er ei rimeleg ordning.

– Dei får full tilgang på vaskemaskin, dusj/toalett og bosstøming, seier han.

Steinnes stadfestar også at han har gått for auke i leiga, men ikkje fått det igjennom på årsmøtet.

At folk overvintrar i eigen båt ser ut til å vere heller lite vanleg på Sunnmøre. I småbåthamnene i Volda vert det ikkje kravd ekstra leige - eller kontrollert om nokon av medlemmene overnattar i båten sin. Båtfolk utan eigen plass i Volda får bu på eigne gjesteplassar for fast leige. Heller ikkje i Håvoll Småbåtlag på Rjånes i Ørsta har leige i eigen båt nokon gong vore eit tema.

<strong>Leigefritt:</strong> Ute på fjorden kan du overnatte leigefritt, inne på hamna i Ørsta får du «husleige».