Foto/redigering: Mathias Bøe

Etter at Jonas Fotland Fænn såg freerunning på Youtube, gjekk han sjølv ut på tunet på heimgarden i Markane for å prøve. Fire år seinare tek han dobbel corck på bar bakke.

– På ein dobbel corck spinn du to gangar rundt din eigen akse medan ein ligg horisontalt i lufta, forklarar Jonas.

Risikosport

Freerunning handlar om å ta seg fram i forskjellige miljø på ein effektiv, men stilfull og akrobatisk måte, men det er ikkje alltid det har gått like stilfullt føre seg for Jonas.

Jonas har lenge drive med turn, og der har han lært mykje av føresetnadene for triksinga ute i skogen.

Urbane Markane

Sporten hadde sitt opphav i gatene i Paris på 80-talet. Då var målet å kome seg gjennom bymiljøet raskast mogleg. No er fokuset retta meir mot akrobatikken.

– Vi ser etter kvar det er fint å filme, så treng ein og gode spottar å gjere trikset på.