Oppdatering: Nordøyruta er i gang igjen frå klokka 14.30, opplyser Norled.

Tysdag morgon møtte ein gjeng fram på kaia på Haramsøya for å ta 09.20-båten til byen.

– Vi visste om at det var problem i går men rekna med det kom ny i dag, det er det som er vanleg på dette sambandet, seier Lena Farstad Hagen på Haramsøya.

Forgjeves Inkludert fotografen var det åtte som prøvde å ta hurtigbåten frå Haramsøya tysdag føremiddag. Foto: Lena Farstad Hagen

Rolf Longva (H), leiar av trafikknemnda i Haram, er frustrert:

– Eg har prøvd å ringe Norled fleire gonger i dag, det er ingen som veit noko, fortel Longva. – Ei kort melding i går kveld om at båten er innstilt er for lite informasjon. Når vi ikkje får anna beskjed, så er det heilt normalt at det kjem ny båt, ifølgje Longva.

Norled: To uhell samtidig

Samtidig med at hurtigbåten i Molde er på årleg klassing, oppstod det tekniske problem på to hurtigbåtar på Nordvestlandet.

Norleds reservebåt går som planlagt i Molde. Og «Nordic Lady», som tilhøyrer 62 grader nord, er erstatningsbåt på Langevågsruta.

Dermed hadde ikkje Norled ein tredje båt å setje inn til Nordøyane.

– Dette må vi kalle uflaks, seier regionssjef for hurtigbåt, Bjørn Egil Søndenå, til smp.no.

– «Tidelyn» i Nordøyruta har nettopp vore på verkstad, og det oppstod ein følgjefeil etter det verkstadopphaldet, forklarar Søndenå.