Nettsida inneheld informasjon på tre språk, og portalen er meint å gjere det lettare å navigere i offentlege tenester, private bedrifter og få oversikt over fritidsaktivitetar.

Her er det informasjon på norsk, polsk og engelsk.

I dag utgjer innvandrarar 15,3 prosent av befolkninga i Haram kommune. Dei fleste av dei er arbeidsinnvandrar innan den maritime industrien, men det er også fleire andre som treng informasjon om kva for tilbod som er i lokalsamfunnet.

– Nettportalen er eit av tiltaka vi har sett i verk for at folk skal kjenne seg velkomne når dei flyttar til Haram. Her kan ein finne relevant informasjon både med tanke på jobb og fritid. All informasjon er presentert på engelsk og polsk i tillegg til norsk, seier rådmann Turid Hanken.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Naudsynt

Kommunen har erfaring med å ta imot innflyttarar til kommune. Dette har vore naudsynt for å sikre arbeidskraft til industrien.

– Utan arbeidsinnvandring hadde vi aldri vore der vi er no. Vi har vore heilt prisgitt arbeidskraft frå andre land gjennom fleire år. Det skulle difor berre mangle at vi ikkje legg til rette for at dei skal trivast når dei bur her, seier Inger Synnøve Remme, næringsrådgivar i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Les fleire nyheiter frå Nordre