Heile 59,7 prosent stemte for dette alternativet, medan berre 11,6 prosent ville slå seg saman med Rauma. Ein betydeleg del - 28,7 prosent - stemte blankt.

Samstundes var det berre kring 40 prosent av dei 5359  personane med røysterett som stemte.

– Må høyre på rådet

Ordførar Geir Inge Lien meiner han fekk eit klart svar. Han stadfestar seint måndag at han no vil jobbe for at Vestnes klarar seg best muleg på eiga hand.

– Vi må høyre på det rådet som kom, og det har vi politikarane også sagt på førehand, seier Lien til smp.no.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Innbyggjarundersøkinga som hadde fleire alternativ, viste at 57 prosent av dei spurde var positive til å slå seg saman med andre kommunar, samstundes som heile 38 prosent ville at Vestnes fortsette åleine.

Mellom dei som ville gå saman med andre, var det òg tett. 20 prosent ville gå saman med Rauma, medan 17 prosent gjekk for ei Romsdalskommune med Molde og 15 prosent ville slå seg saman med landkommunar på Sunnmøre.

Les meir på heimesida til Vestnes kommune (ekstern lenke)

Skilnader mellom generasjonar

Resultata i innbyggjarundersøkinga viste at dei under 30 år var meir positive til samanslåing enn dei over 60 år. Dei yngste verka å sjå mot Romsdal, men ikkje i første rekkje ei bykommune. Medan dei eldste i større grad ville vere åleine, eller sa nei til «bykommune».