To aktørar har kjempa om å tilby nytt kommunalt tenestebygg for Haram kommune: INVI AS og Samfjordkvartalet.

Torsdag skal kommunestyret ta stilling til om den økonomiske ramma skal aukast i tråd med tilbodet som kommunen har fått.

Samfjordkvartalet er kåra til vinnar av anbodskonkurransen (sjå illustrasjon i bildekarusellen øverst).

– Feil tal

INVI har klaga Haram kommune til Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA).

– Kommunestyret bør vente til klaga vår er behandla. Det er i kommunen si interesse at dette går rett føre seg, seier arkitekt Harald Hjelle, som er ein av aksjonærane.

– Uforståeleg Harald Hjelle og Bjørn S. Skjelten forstår ikkje kvifor dei har tapt konkurransen. – Vårt tilbod er større og billegare, seier Hjelle.

Han meiner kommunen opererer med feil tal, og er ganske sikker i si sak:

– Eg kan ikkje skjønne anna enn at vi vil få medhald i klagenemnda, seier Hjelle.

– Dersom kommunen får medhald, då legg vi oss flate. Men der er vi ikkje no, seier aksjonær Arild Remmereit.

– Ikkje grunn til å vente

Rådmann Turid Hanken ser ingen grunn til å vente på klagenemnda. I eit notat til dei folkevalde legg administrasjonen også til at KOFA berre er eit rådgjevande organ.

– Det er alltid ein risiko for at alle saker kan hamne i klagenemnda. Sånn som vi har vurdert dette, er det ikkje grunn til å stoppe prosessen vidare, seier rådmannen.

– Vi har behandla klagane frå INVI og gitt dei svar i fleire rundar med eit eksternt rådgjevingsfirma. Alt dei meiner har dei fått svar på, seier Hanken.

– Risikerer å stå utan tilbod

Ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) vil ikkje forskottere kva kommunestyret vil gå for, men håper det blir gjort eit vedtak.

Han peikar på at saka vart utsett på førre møte. Då gjekk den andre parten, Samfjordkvartalet, med på å utsette fristen for når deira tilbod gjekk ut. Det er det ikkje sikkert at dei vil gå med på igjen, og då kan kommunen stå utan tilbod frå den eine parten, påpeikar ordføraren.

– Om ein skal utsette saka frå, er ein avhengig av at dei vil utvide fristen sin. Elles vil kommunen faktisk ikkje ha noko tilbod, seier Krogsæter.