Rådmannen varsler at Ørskog i haust truleg vil ende på «svartelista» over kommunar med dårleg økonomien.

Det melder kommune på sin Facebook-side.

Underskot

– Alt tyder på at Ørskog kommune vert innmelde i Robek i løpet av hausten. Bakgrunnen er at kommunen ikkje har dekt inn rekneskapsmessige underskot for 2014 og 2015 på ein korrekt måte, skriver rådmann Synnøve Vasstrand Synnes i eit notat.

Ørskog hadde null kroner i reelt udekka underskot, men hamnar likevel i registeret over kommunar i økonomisk ubalanse.

I rekneskapet står det nemleg minus seks og 2,7 millionar kroner for desse to åra. At kommunen har eit fond med 13 millionar hjelper lite når reglane seier at underskotet i 2015, gjer at 2014-underskotet vert stroke.

– Konsekvensane av dette definerer Robek-reglane som brot på planen om inndekking, påpeiker rådmannen.

– Var ikkje klar over reglane

Rådmann Synnes forklarer i notatet at kommunen dei siste året har vedteke eit budsjett i balanse, men at det dei har brukt meir på drifta.

– Derfor har vi dei to siste åra hatt underskot kvart år. Dette kombinert med at vi ikkje var klar over at inndekkinga av 2014-underskotet ikkje var i tråd med strykingsreglane, har ført oss til Robek sjølv om vi har pengar på fond. Det eksisterer ikkje ein «Robek-light», dermed er vi inne, skriver rådmannen vidare.

Det betyr mellom anna at Ørskog vil vere avhengige av godkjenning frå fylkesmannen for låneopptak, og at budsjetta vert grundigare kontrollert.  Rådmann Synnes håper kommunen vil vere ute av registeret i 2017.

Mulege sparetiltak

Ho påpeiker at kommunen har ståa er krevjande økonomisk, samstundes som omsorgsetaten har redusert i talet på institusjonsplassar, rammene innafor oppvekst har vorte mindre og dei har nedbemanna i barnehagane.

Tiltak som tilsetjingsstopp, oppseiing av mellombels tilsette, vikarstopp, innkjøpsstopp og gjennomgang av kostbare tiltak vert trekt fram som mulege konsekvensar.

– På lenger sikt må vi nok akseptere at omfang og nivå på kommunale tenester må reduserast og betre tilpassast dei økonomiske realitetane, skriver rådmannen.

<strong>ØRSKOG:</strong> Synnøve Vasstrand Synnes.