Avisa Nordre melder at Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) har konkludert med at ein eventuell kontraktsinngåing med Samfjordskvartalet AS vil medføre brot på lovverket.

Kommunen gjorde feil frå starten

Det var taparane av konkurransen, INVI AS, som klagde kommunen inn for KOFA og meinte kommunen burde avvente vedtaket frå klagenemnda.

Kofa konkluderer altså med at kommunen har gjort feil frå starten av ved å kalle dette ein leigeavtale. Regelverket seier at nye bygg kan ikkje gå inn under ein slik leigeavtale.

Ettersom konkurransen må avlysast tar ikkje Kofa stilling til «øvrige anførsler» frå klagar som er INVI AS, som tapte konkurransen, fortsatt ifølgje avisa.

Vedtok å auke rammene

Det var i slutten av mai at kommunestyret i Haram vedtok ikkje berre å inngå intensjonsavtale med Samfjordskvartalet, men også å auke rammene for nytt tenestehus for å optimalisere prosjektet.

Kommunestyret vedtok også rådmannens forslag om at endeleg kontrakt med utleigar skal leggast fram for formannskapet til godkjenning før signering.

Signerte intensjonsavtalen

15. juni signerer rådmann Turid Hanken intensjonsavtalen med Samfjordskvartalet AS.

Om avtalen blir terminert eller ei, vil ho ikkje svare på no. Men Hanken seier fråsegna frå Kofa var uventa.

- Vi hadde ikkje forventa at det ikkje kunne vere ein leigekontrakt og behandlast i anskaffingsregelverket etter det formålet, seier ho til Nordre.

Rådmannen seier dei no vil bruke tid til å gå igjennom svaret frå Kofa for å finne ut korleis kommunen skal handtere saka vidare.

INVI har fleire gongar stilt spørsmål

Hos INVI AS er dei ikkje overraska over konklusjonen frå Kofa. Dei seier at dei fleire gongar har stilt spørsmål om leigeavtale var det riktige alternativet.

– Men vi fekk til svar at det var slik det skulle vere. Dette hadde ikkje kome til Kofa om vi ikkje hadde klaga det inn, seier dagleg leiar Bjørn Skjelten til Nordre.

At dei resterande punkta frå INVI AS ikkje vart teke stilling til synest han er heilt greit. Invi er nøgd med svaret frå KOFA.

– Vi har fått det slik vi ynskjer. Vi har fått påvist at det er gjort feil. Det er vi nøgde med. No må kommunen finne ut kva dei vil gjere, seier Skjelten.