Nordøyane og Hildrestranda skal ha hatt problem med vassforsyninga i fleire timer fredag kveld.

– Brattvåg Vassverk er i gang å utbetre feilen. Trykket vil vere lavt til feilen er utbetra, skreiv Sandøy kommune på si nettside lillejulaften.

Feilen er no utbetra og anlegget er i ferd med å fyllast opp.

- Normalt trykk vil kome når anlegget er fylt opp, står det på heimesida.

Haram kommune meldte lillejulaften om brot på hovudledninga til Øyane og Hildrestranda.

– Ein forventar at vatnet vil kunne settast på igjen om kort tid men det vil ta ein del tid å fylle opp heile vassforsyningsnettet. Ein må regne med ein del luft i vassrøyra før det har normalisert seg, skriv dei.