Ein rundt 20 år gammal diskusjon kan vere avgjort. Fleire parti i Haram vil legge ned barneskulane i Tennfjord og på Vatne, og bygge nytt vegg i vegg med ungdomsskulen oppe på Eidet.

Eit utval i Haram kommunestyre skal no vurdere skulestrukturen i Haram.

– Ein samla skule vil gjere at fagmiljøa vert større, og vi får utnytta styrkane til kvar enkelt lærar betre. Det er nær galskap å bruke ressursar på tre administrasjonar, seier lokallagsleiar Siv Katrin Ulla i Haram Arbeiderparti i ei pressemelding.

Frå før har Haram Høgre gått ut med at dei vil samlokalisere Tennfjord og Vatne barneskular på Eidet.

– Framstegspartiet har ikkje diskutert saka, men eg ønskjer ei samlokalisering, seier Svein Harsjøen i Haram Frp.

– I KrF går vi for å samle barneskulane i Tennfjord og på Vatne, seier Randi Frisvoll i Haram KrF.

Dermed er det truleg fleirtal for samlokalisering.

Eidet idrettshall

Tanken er at ein felles skule på Eidet skal bruke dagens idrettshall. For fleire år sidan gjekk gymlærarar ved ungdomsskulen ut i lokalavisa Nordre og sa at idrettshallen er for liten til ein samla skule.

– Dette diskuterte vi ikkje denne gongen, dette må det eventuelt gjerast ei utgreiing på, seier Ulla til smp.no.

– Dette har vi ikkje hatt oppe i ein diskusjon enno, seier Ewa Hildre i Haram Høgre.

– Viss skulen har behov for meir idrettshall, får vi sjå på den saka etter kvart, seier Harsjøen i Frp.

Haram Ap vil også legge ned barneskulane på Lepsøya og Flem, og etablere ein 1-10-skule på Haramsøya.