Nødetatene rykka ut til ei trafikkulukke i Haram fredag ettermiddag. Ifølgje dei første meldingane dreia det seg om ein personbil som hadde køyrt av vegen og inn i en fjellvegg.
Etter få minutt meldte politiet på Twitter at ein person var lettere skadd i ulukka som skjedde på fylkesveg 659.
– Slynga tilbake i vegbana
Seinere viste det seg at bilen ifølgje vitneutsagn hadde treft fjell ved sidan av vegen, og deretter treft eit bil som kom køyrande i mot. Operasjonsleiar Trygve Ødegård hos politiet i Ålesund stadfestar desse opplysningane.
Eit augevitne opplyser til smp.no at ulukkesbilen blei slynga tilbake i vegbana, der den krasja med den andre bilen.
Vitne omtalar skadene på bilene som store, og meiner det var flaks at ingen kom alvorleg til skade.
Føraren, ein mann i 30-åra, fekk førarkortet beslaglagt og politiet har sikta han for å ha somna under køyring.
Kø på staden
Ved 16.20-tida opplyser politiet at bilen var fjerna og at vegen er opna for vanleg trafikk.
Trafikken blei ved 15.20-tida dirigert forbi ulykkesstedet som ifølge politiet var like ved Cirkel-K. Det blei meldt om kø på strekninga.