Minst tre bilar frå Brattvåg brannstasjon rykka ut, opplyser 110-sentralen.

Naudetatene er på veg mot staden, melde politiet i Møre og Romsdal på Twitter klokka 19.11.

Ti minutt seinare kan 110-sentralen fortelje at brannen er sløkt.

- Det vart meldt om brann i ein einebustad. Brannmannskapet kom raskt i gang med sløkkeinnsats og røykdykkarinnsats. Brannen er sløkt, seier operatør Anja Lereng til Sunnmørposten.

Ingen personar er skadd, melder politiet.