(Foto: Svein Ove Søholt)

Foto: Svein Ove Søholt

Båt forliste i hamna

Dei første som kom til småbåthamna på Røsok på Harøya i dag tidleg oppdaga fort at noko måtte vere gale i hamna. Ein film av olje dekte heile hamnebassenget.

Det viste seg at båten «Nemi», tilhøyrande partsrederiet Elvira Fisk AS, hadde sokke rett ned på sin plass i hamna. Sandøy brannvesen vart varsla og har lagt ut oljelenser.

Eigarar av Elvira Fisk AS er Jan Kåre Inderhaug og Jan Kåre Brunvoll, begge Harøy. Båten er rigga for trål og snurrevad.

Inderhaug fortel at han var i småbåthamna så seint som i går kveld, og at det då var ingen unormale teikn ved båten.

«Nemi» er ein plastbåt bygd i Danmark i 1992. Ifølgje Jan Kåre Inderhaug hadde båten om lag 140 liter diesel, 50 liter smøreolje og 50 liter hydraulikkolje om bord.

(Foto: Svein Ove Søholt)

Foto: Svein Ove Søholt

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå