Røsok fortel at det kom fleire lyn etter kvarandre, og at han tenkte det kunne vere festleg å forsøke å filme det: – Det litt morosamt å sjå det, seier han til smp.no.

Filmen er teke i nordvestleg retning ut mot havet nord på Harøya.

Meteorologane har varsla mykje vær fredag og laurdag med vind og byer. Først på søndag er det utsiktar til noko særleg utevær.

Ved 16-tida hadde været ikkje skapt store problem, men Torghatten opplyser at sambandet Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona inntil vidare ikkje går grunna ruskeværet.