Norled rakk så vidt å setje inn skyssbåten «Nordskyss» i sambandet Skjelten-Lepøsya-Haramsøya, før dei kunne melde at A-ferja er tilbake i drift.

Litt før klokka 16.30 greidde ikkje ferja «Solskjel» å kome seg frå land på Skjelten. Bilar som hadde køyrt om bord måtte rygge på land igjen, fortel ein ferjepassasjer til Sunnmørsposten. Den andre ferja i sambandet, «Austevoll», kom seg dermed heller ikkje inn til Skjelten og låg og venta.

I 17-tida opplyste mannskapet på «Austevoll» at denne ferja går ut igjen til øyane, først til Lepsøya og så til Haramsøya, for så å prøve seg til Skjelten igjen.

Årsak til trøbbelet på Skjelten var at «Solskjel» ikkje fekk opp fallemmen, anten på grunn av feil med hydraulikken eller med ei hengsle, opplyser Inge Andre Utåker i Norled.

Klokka 17.30 er at A-ruta er i drift igjen, medan «Solskjel» skal til reparasjon.