Over Nakkedalen mellom Vatne og Fiksdalen, på fylkesveg 147, har regnet dei siste timane gitt vanskelege køyreforhold etter at vatnet har flytta på stein og grus. Det opplyser politiet.

- Ein patrulje som køyrer i distriktet i natt melder om store vassmengder, spesielt over Nakkedalen. Vatnet har dratt inn på vegen mykje stein og grus som kan føre til vanskelege køyreforhold.  Det er grunn til å vere merksam på dette for dei som skal ut og køyre på morgonkvisten, opplyser vakthavande operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

Sykkylvsbrua, mellom Aure og Sykkylven på fylkesveg 71, vart stengt tysdag kveld på grunn av flaum.

Les også: Her renn vatnet gjennom fabrikken