Forslaget er å flytte elevane frå Stette til Skodje barneskule, eller dele elevflokken mellom Skodje og Valle. Deling skal vere den billegaste løysinga.

Det er jamvel tankar om å ha berre Skodje barneskule, og det er nemnd å leggje ned Stette eller Valle.

Så seint som i mai sa politikarane i Skodje nei til å leggje ned skulen på Stette. Saka kjem opp att på grunn av at kommunen går med underskot og sidan skatten sviktar med rundt seks millionar kroner.

Formannskapet får eit dokument som er fullt av tabellar og grafar. Men det står at Skodje brukar mindre på grunnskulen per innbyggjar enn det Ulstein og det kommunegruppa Skodje elles ligg i gjer.

Endringa skal vere slik at borna får tilfredsstillande skuletilbod. Så langt har dei berre rekna i kroner, men etter reglane skal mange lokale grupper uttale seg før nedleggingsvedtak, og høyringa skal gå over to månader.

Spørsmålet om å slå saman Stette med Skodje og Valle, må opp i kommunestyret før ho vert sendt ut på høyring, og rådmannen vil ha ei løysing utan nybygg.