I løpet av 12 månader vil Varier ha avvikla møbelproduksjonen i Skodje og flytta den ut av landet.

Det skjer etter forhandlingar med dei tillitsvalde,  melder Varier Furniture AS i ei pressemelding.

Til tross for omfattande program for å effektivisere produksjonen har ein ikkje greidd å få kostnadane ned på eit konkurransedyktig nivå. Fleire av møbelprodusentens underleverandørar er i dag utanlandske. Det medfører at fleire komponenter må fraktast gjennom Europa og Norge og samme vegen tilbake.

- Dei siste års utvikling i Europa har gjort det ekstra tøft for oss å produsere i Norge. Vi vil gradivis flytte produksjonen til andre land, der vi har dei største marknadane, seier adm.dir. Jesper Petersen.

- Avdelinga for pruduktutvikling, logistikk, økonomi og forsyningskjede skal framleis ligge i Skodje. Mendan selskape allereide har funksjonane for sal, marknadsføring og leiing lokalisert i Oslo.