– Dette er fyrste gongen prisen går til ei smie, sa Harald Kjølås, som delte ut prisen på vegner av Sunnmøre lokallag av Fortidsminneforeninga og Sunnmørsposten.

Prisen vart delt ut i Rosekyrkja, med kamp mellom fem nominerte kandidatar. I fylgje Kjølås hadde juryen kome fram til ein verdig vinnar.

Solveig Eidsvik fekk Godt vern-prisen laurdag ettermiddag. Foto: Atle Hole

– Smia tilfredsstiller alle krav til ein priskandidat, men anlegget har det vesle ekstra som skil staden frå årets fire andre kandidatar, sa Kjølås.

Bur der ikkje

Solveig Eidsvik, som bur sentralt i Ålesund, arva småbruket på Jordmorgjerdet (Vadset) i Tennfjord for tre år sidan. Saman med sambuar Geir Vartdal starta Solveig restaureringsarbeidet med bygget som var i dårlegast forfatning, nemleg smia. Harald Aarset og Kåre Løvoll stod for det praktiske arbeidet, som var så bra at det betalte seg i pris.

– Det var far min som kom frå dette bruket. Framleis står det att mykje arbeid med våningshuset og løa. Vi kan ikkje bu der, men familien er representert i Tennfjorden med to hestar.

Juryen ser lenger

Prisjuryen håper at dei nye eigarane vil halde fram i same ånd. Dei skriv:

– Juryen sitt håp er at tildelinga av denne prisen for det arbeidet som er gjort med smia, vil inspirere eigarane til å jobben vidare med våningshuset i same gode, handverksmessige ånd.