Vestnes kommune legg til rette for industriutbygging i området der Møreaksen truleg kjem.

I innstillinga til det komande kommunestyret innstiller rådmannen på at det skal kjøpast 107 mål ved Trohaugen for 2.670.000 kroner.

Vestnes kommune har sidan slutten av 1980-talet stått bak ei gradvis utbygging av industriområdet på Trohaugen og i fleire etappar. Det siste oppkjøpet vart gjort hausten 2013. Dei siste åra har kommunen merka ei auka interesse for næringstomter på Trohaugen. Den planlagde traseen for Møreaksen har nok bidrege til dette.

– Vestnes kommune bør tenkje langsiktig når det gjeld tilgangen på areal for framtidig etablering av næring/industri, heiter det i innstillinga frå rådmannen.