Dette trass i sviktande skatteinntekter på om lag 3,9 millionar kroner.

Kommunen har heller ikkje inntekter frå eigedomsskatt. Overskotet kjem fram som følgje av eit mindreforbruk i den ordinære drifta på 2,8 millionar kroner, og udisponerte inntekter frå finansforvaltninga.

I tillegg hadde kommunen udisponerte salsinntekter i investeringsrekneskapet på 5,2 millionar kroner.

Ikkje på ROBEK

Haram kommune har aldri vore på ROBEK-lista, men kommunen har sjølv tatt tak i ein økonomi i ubalanse og gjennomført ein styrt økonomisk omstillingsprosess over fleire år.

Så langt har kommunen unngått å innføre eigedomsskatt som ledd i omstillingsarbeidet, slik mange andre kommunar i området har måtte gjere.

Felles innsats

– Rekneskapen for 2014 føyer seg inn i rekka av positive rekneskap dei siste åra, der ein ser resultat av ein felles innsats frå både politisk og administrativt hald, seier rådmann Turid Hanken i ei pressemelding frå kommunen.