Skal du frå Skjelten til Haramsøya med ferje ein søndag? I to månader har ruteinformasjonen vore feil på nett, over telefon og i sanntidsinformasjonen på kaia.

Berre den trykte foldaren, som kom frå trykkeriet ein gong før nyttår, stemmer.

– Det er svært viktig for oss at folk kan stole på ruteinformasjonen, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga i fylket.

– Dersom det blir oppdaga avvik, er vi takknemlege når vi får tilbakemeldingar om det, slik at vi får mulegheit til å rette det opp raskast muleg.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Han var ikkje klar over situasjonen før måndag.

Ifølgje fylket si ruteopplysning på nett går det ferje frå Skjelten til Nordøyane søndagar klokka 11.40. Også ruteinformasjonen på ferjekaia, som skal vere i sanntid, viser det same. Det same gjer infoen på Norled si nettside.

Misforståingar

Ferjemannskap på sambandet skal ha sagt til passasjerar at feilen fleire gonger har ført til misforståingar, utan at dei vil stadfeste dette overfor Sunnmørsposten. Mannskapet på ferja kjem i staden med den gode «gamle» papirfoldaren. Den er til å stole på.

– Min seksjon, som mellom anna har ansvaret for publikumssystema, har ikkje fått tilbakemeldingar, seier Konrad Lillevevang hos fylket, og minner om at det også er eit kontaktskjema hos Fram Møre og Romsdal.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no

Og Lillevevang var kjapp med å love feilretting når han først hadde fått beskjed.

– Vi sender ny eksport av data i dag, slik at rutetidene blir rette i alle våre kanalar innan komande helg, seier han ein times tid seinare.

Sanntid

Frå nyttår har det også vore muleg for ferjemannskapet å legge inn avvik i sanntidsinformasjonen som er på ferjekaiene.

Etter ein innkøyringsperiode meiner Lillevang at dette no fungerer alle stader.