SISTE: Norwegian ber om nye samtaler med piloter

70 Norwegian-piloter blei tekne ut i streik lørdag, og det er venta ei kraftig opptrapping onsdag. Det vil truleg spolere studieturen til Italia for 10. klassingane i Ørskog på Sunnmøre.

– Det har vore samla inn ganske mykje pengar, og ein stor del av desse kan gå tapt om vi ikkje kjem av gårde. Vi har rekna oss fram til at det dreiar seg om kring 100.000 kroner, seier kontaktlærar Audun Rørstad til smp.no.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Dei har vore i kontakt med reisebyrå og forsikringsselskap for å få råd.

Den nedslåande beskjeden er at store summar som er betalt inn for hotellopphald og utflukter med buss, vil vere tapt.

Har jobba for turen i fleire år

Ein studietur for avsluttande trinnet har vore tradisjon ved skulen i fleire tiår, og elevane har på ulike vis skaffa inntekter til turen.

– Dei har arrangert LAN-party, hatt vareteljing i butikkar og arrangert juleball og kantinedrift på skulen. I tillegg har alle elevane inngått ein avtale med kommunen om å halde seg røyk og rusfri, som også har gitt 1000 kroner til kvar elev, fortel kontaktlæraren.

Håpar på løysing

Dei 30 elevane skal etter planen reise til Oslo med Norwegian frå Vigra tidleg torsdag. Deretter hadde elevane planlagt å fly til Italia med same selskap for den seks dagar lange turen.

– Det er mykje pengar, så eg håpar inderleg at dette kan bli ei løysing i siste liten, legger kontaktlæraren til.

Rørstad påpeiker at det er eit fagleg opplegg for turen, og at det ikkje dreier seg om nokon «kosetur».

Har varsla opptrapping

Førebels har dei fleste avgangane til flyselskapet teke av trass streiken, men onsdag er det varsla ei kraftig opptrapping med til saman 650 pilotar ute i streik. Det vil truleg sette alle Norwegian-fly på bakken.

– Førebels har vi fått beskjed om å møte på Vigra torsdag morgon, og så får vi håpe på det beste, seier kontaktlærar Rørstad.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no

Tysdag føremiddag har det ikkje vore kontakt mellom dei streikande og arbeidsgjevaren.

– Pengane er tapt

Pressekontakt Martin Skaug Halsos i Forbrukerrådet bekreftar at elevene truleg kan sjå langt etter pengane.

– Når det gjeld hotell og andre ting som er betalt på førehånd, som man ikkje kan bruke på grunn av forseinkingar eller kanselleringar, så er dei pengane tapt, seier han kontant.

– Det finnes med andre ord ingen mulegheit til å få dekka dette til dømes av ei reiseforsikring?

– Nei, per i dag er det ingen reiseforsikringer som dekkar streik.

Halsos fortel at du i hovudsak har rett på å bli teken vare på medan du til dømes ventar på eit seinare fly. Du kan óg kreve å få pengane tilbake, eller å få reise på eit anna tidspunkt.