— Det er overraskande og utruleg kjekt, seier administrerande direktør i Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke.

Bedrifta er vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014. Juryen har lagt vekt på gode resultat over tid, nye produkt og sterkt engasjement for lokalsamfunnet i si grunngjeving, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Ulmatec Pyro leverer energigjenvinningssystem for skip, der spillvarme frå kjølesystem og eksos vert henta ut og gjenbrukt om bord på fartøyet, noko som reduserer energibruken. Selskapet har også utvikla system for nye måtar å bruke energien på.

Feirar med kake

Urke fortel at han er spesielt glad på vegne av alle ansatte.

— No har vi bestilt kake, og tar ein utvida lunsjpause, fortel han til smp.no.

Ulmatec Pyro har 42 tilsette og ei omsetning på 67 millionar kroner.

— Det som har imponert oss med bedrifta er at dei har utvikla ei rekke nye produkt og system og vist gode resultat over tid, seier leiar for Regional og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen i pressemeldinga.

Det var 29 kandidatar som vart vurdert til prisen, som blir delt ut på Fylkestinget i april.

Jan Petter Urke, administrerande direktør i Ulmatec Pyro. Foto: Privat