— Det var veldig kjekt, men ganske uventa, seier Tomas Skaar Vadset, som saman med lagkamerat Jørn Strand vann samanlagtsigeren i konkurransen før helga på vegne av Haram Vidaregåande Skule.

Ocean Space Race er ein årleg konkurranse for elevar i vidaregåande skule som tar faget teknologi og forskingslære. Elevane konkurrerer i Havbassenget ved Marintek og NTNU sin campus på Tyholt i Trondheim.

Eigne båtmodellar

Elevane hadde på førehand designa og bygd sine eigne båtmodellar som dei konkurrerte med.

Vadser fortel at han og Strand har jobba ein del både i fritimar og etter skuletid med prosjektet.

Konkurransen er det største årleget treffet for realfagsrekruttering i Norge, og blir arrangert av Marintek, NTNU Institutt for marin teknikk og Samarbeidsforum Marin. Hensikta er å rekruttere ungdom til den maritime teknologien, og vise kva dei har å by på i Trondheim som studiestad.

— Eg fekk eit godt innblikk i studia av å vere i Trondheim, men at han framleis er veldig usikker på kva han vil gjere etter vidaregåande, seier Vadset.

Begge vinnarane går andre året, så dei har framleis god tid til å bestemme seg.

Fornøgd lærar

Begeistra er også faglærar Torleiv Austnes ved Haram Vidaregåande Skule som var med på turen til Trondheim.

— Det var på tide at ein skule «nord for Sinsenkrysset» vann førsteprisen, seier han fornøgd, og refererer til at det stort sett er austlandsskular som har vunne prisen tidlegare.

Han legg til at Spjelkavik, Ulstein og Haram vidaregåande skular har vore i finalen tidlegare, og at i fjor var også Haram beste skule i området med ein fjerdeplass.

Jørn Strand i djup konsentrasjon med modellbåten. Foto: Privat