– Vi set inn reservebåt. Første avgang er 10.30 frå Ålesund, seier Bjørn Egil Søndenå, regionssjef for hurtigbåtane i Norled.

Båten som blir sett inn er Fjord Ålesund, som tilhøyrer 62 grader Nord.

– Vi vil først få status på situasjonen. Vi vil setje inn reservebåt så fort vi kan dersom det viser seg nødvendig, sa Søndenå til Smp.no onsdag morgon.

Søndenå seier selskapet ønskjer å strekke seg lenger enn det dei er forplikta til. Han fortel at Norled ved ei anledning har køyrt passasjerar i taxi frå Ålesund til Skjelten, slik at dei kunne ta ferje til Nordøyane, sjølv om selskapet ikkje var forplikta til det

– Eg ventar på tilbakemelding frå mannskapet om bord, sa Søndenå like før klokka 09.