Ravn IL fortvilar etter at nokon har herja rundt på grusbana deira med bil.

– Dagleg leiar i klubben vil melde saka til politiet i dag. Truleg må vi leige inn nokon for å få hjelp til å jamne ut bana, fortel baneansvarleg Per Christian Breiset i klubben til smp.no.

Skadeverket har truleg skjedd torsdag eller fredag, men kan óg ha skjedd i helga. Haram-klubben oppmodar på heimesidene sine folk til å ta kontakt om dei har på tips om saka.

Les flere nyheter fra Nordre på smp.no