Det meiner politikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Utan usemje gjekk utvalet inn for å la Statens vegvesen inngå avtaler om grunnerverv for å byggje Nordøyvegen. Den såkalla KS2 (kvalitetssikring på investeringane) som Norske Veritas har gjort, vil bli kjent tysdag, men politikarane var rolege for den.

Seinare vil fylkeskommunen komme med ein uavhengig kontroll av finansieringa til prosjektet.

Ledig kapasitet

Den stigande arbeidsløysa opptek politikarane sterkt. Oddbjør Vatne (Sp) minte om at når Tresfjordbrua vert ferdig og seinare det same med tunnelen Røyr Hellesylt, er det ingen store vegprosjekt i fylket.

Semje om tiltak

Toril Melheim Strand (Ap) stilte i fylkesutvalet spørsmål om kva Møre og Romsdal kan gjere som mottiltak mot den stigande arbeidsløysa.

Torgeir Dahl (H) er oppteken av utdanning for å dempe arbeidsløyse mellom ungdom.

Stå saman

– Vi må no stå saman om dei tiltaka som skal dempe arbeidsløysa, sa Frank Sve (Frp).

– Vi må få inn prosjekt som gir vekst på kort og lang sikt, sa Sve.

Trur du Nordøyvegen kan dempe arbeidsløysa? Bruk kommentarfeltet!