Sløkte husbrannen sjølv

Ein mann fekk røykskader i samband med brannen, og det vart rekvirert ambulansehelikopter. Dette returnerte tomt til Ålesund sjukehus. Mannen fekk i staden behandling på staden. MMS-foto: Steffen Rønstad

Ved hjelp av to pulverapparat og ein vass-slange sløkte dei to mennene den begynnande brannen i huset dei var i, på Lepsøy, måndag kveld.

Mobil: 92642132
Publisert: 21.02.2012 kl. 07:14
Endret: 21.02.2012 kl. 13:09

- Og ved å vere så snarrådige hindra karane - ein huseigar og broren hans, brannen i å utvikle seg. Det kunne den nemleg fort ha gjort, seier utrykningsleiar ved Haram brannvern, Jan Kjerstad.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no

- I staden er skadene avgrensa til inngangspartiet. Då vi kom til staden, berre få minutter etter at brannen vart meldt, sto det berre att å kjøle ned der det hadde brent, seier Kjerstad.

Huseigaren fekk røykskader i samband med brannen, og det vart rekvirert ambulansehelikopter.

- Dette returnerte tomt tilbake til sjukehuset. Mannen fekk i staden behandling der han var, seier Kjerstad.

Årsaken til brannen, som vart meldt klokka 23.02, måndag, er førebels ikkje kjent.

Følg smp.no på Facebook

På forsiden nå

Vandaler har herjet på Aksla

Lysarmatur og informasjonstavler for nærmere 50.000 kroner er ødelagt. Les mer

Festdag i Ulstein

Feira at Ulstein er Norges mest attraktive stad. Les mer

Her rives Møller-fasaden

Tonnevis av betong på veg ned fra veggene til det gamle kjøpesenteret. Les mer og se video 1 kommentarer

- Ville skåne familie og venner

Kjetil Rekdal snakker ut om mediepausen. Se videointervju

Solskjær: - Jeg er ferdig med saken

Molde-manageren mener klubben kan komme styrket ut av bråket. Les mer