To personar vart tatt hand om av lege, etter at ein bil køyrde av vegen i Tøssesvingen på E39 i Ørskog måndag ettermiddag.

Ulukka vart først meldt som ein front-mot-frontkollisjon. Meldinga kom til AMK om lag klokka 15.10. Også ambulansehelikopter vart sett inn.

– Det er ikkje ein front til frontkollisjon, det var ein einsleg bil som køyrde av vegen, seier operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt like over klokka 15.30, etter at politiet var framme på staden.

Bilen kryssa motgåande køyrefelt på veg ut i grøfta, men møtte til alt hell ikkje andre bilar på ferda.

Reite seier at dei to i bilen såg uskadde ut. Rutinemessig vart dei frakta til legevakt for sjekk.

Klokka 15.40 vart det framleis litt kø på staden, men trafikken bevegde seg.

Les fleire nyheiter frå Nordre Sunnmøre på smp.no